Nyhetsartikkel

03 januar 2019

Overføring av Knabeåna og Solliåna til Homstølvatn

NVE rår Olje og energidepartementet til å gje Sira-Kvina kraftselskap AS løyve til å overføre Knabeåna og Solliåna til Homstølvatn, Kvinesdal kommune i Vest-Agder

Prosjektet vil gje ei betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag, og vil gje ein ikkje ubetydeleg mengde ny fornybar energi. NVE legg vekt på at ei overføring i snitt vil gje om lag 100 GWh regulerbar kraft, noko som svarar til straumforbruket til omtrent 4000 norske husstandar.

Ei overføring av Knabeåna og Solliåna vil gje auka handlingsrom for å gjere ei rekke miljøtiltak i Kvina. Ei auka minstevassføring, etablering av ein «vassbank» som skal sikre fiskevandring i Kvina og biotopforbedrande tiltak på lakseførande strekning, inngår som ein del av utbyggingsplanen. Ei overføring vil og opne for ein rekke andre tiltak i Sira-Kvina sitt reguleringsområde.

NVE si tilråding tek utgangspunkt i resultata frå eit omfattande miljødesignprosjekt og må sjåast i samanheng med vilkårsrevisjonen for Sira-Kvina-reguleringa.

NVE finn at auka minstevassføring, vassbank og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om vedtaket

Kommentarer

kommentarer