Nyhetsartikkel

13 desember 2018

Ikkje løyve til Opedal Ljosverk

NVE avslår søknaden frå Opedal Ljosverk AS om løyve til å byggje Opedal Ljosverk i det verna vassdraget Opo/Opsjå i Lofthus i Ullensvang herad fordi ei utbygging vil ha negative verknader på verneverdiane i vassdraget.

NVE meiner at ei utbygging vil gje store irreversible terrenginngrep både i og langs elva Opo, særleg ved inntaket og i den øvste delen av røyrgata. Dette samsvarar ikkje med at vassdraget er verna på grunn av at det er urørt. I området rundt Sørfjorden er tettleiken av vasskraftverk spesielt høg og for ikkje å auke den samla belastninga på vassdraga i denne regionen er også omsynet til sumverknader tillagt stor vekt.

Opedal Ljosverk ville hatt ein produksjon på 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 275 husstandar.

Les meir om konsesjonssaka:
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=8033&type=V-1

Kommentarer

kommentarer