Nyhetsartikkel

10 desember 2018

Ikkje løyve til Strindelva kraftverk

NVE avslår søknaden frå Nordvest Energi AS om løyve til å byggje Strindelva kraftverk i Snåsa kommune, i Trøndelag. Dette fordi ei utbygging vil ha negative verknader for reindrift og landskap.

NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket vil få for reindrifta i form av tapte vår- og vinterbeiteområde i nokre av dei mest urørte områda for reindrifta. Området er svært skrint og med lite lausmasser. Ein røyrtrasé i eit slik terreng med minimalt overdekke kan føre til at rein i eit varig perspektiv lettare vil trekke ned til veg og jernbane.

NVE meiner at dei planlagde inngrepa med tilhøyrande negative konsekvensar for landskap i denne saka ikkje i tilstrekkeleg grad kan avbøtast.

Strindelva kraftverk ville hatt ein produksjon på 13,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 670 husstandar.

Les meir her

KILDE: nve

Kommentarer

kommentarer