Nyhetsartikkel

06 november 2018

Melder sommarlege temperaturar i november

Sjølv om adventstida er like om hjørnet, du treng ikkje plukke fram lue, vottar og skjerf med det første. Onsdag kan det bli opp mot 20 grader mellom Rogaland og Trøndelag.

– Enkelte stader kan nå opp, eller kanskje over, rekord makstemperatur for november, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga i Bergen til NRK.

Nær 20 varmegrader
Vi skriv altså november, men vinterlege temperaturar og nedbør let vente på seg i låglandet.

Medan Austlandet og Sørlandet dei neste dagane kan bu seg på tåke og lågt skydekke, kan kystfylka frå Rogaland til Trøndelag bu seg på tosifra raude grader – og periodar med sol.

– Det er ikkje venta særleg dårleg vêr fram til fredag, men onsdagen gir nok dei høgaste temperaturane med mellom 14 og 19 grader, seier Skare.

– Nedbøren kjem
Takka kan vestlendingane og trønderane rette ein varm luftstraum frå langt sør i Europa som slår ned i låglandet når den passerer fjellet på veg nordover. Den sokalla føn-effekten.

I vest ligg eit lågtrykk over Storbritannia, medan eit høgtrykk kviler over Russland i aust.
Dei høge temperaturane er likevel ikkje heilt uvanlege.

– Vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2014 for å sjå at Tefre i Førde, til dømes, hadde ein maksimaltemperatur på 18 grader 1. november, legg Skare til.

Gjennom helga er det venta noko nedbør, men også periodar med sol.

– Men når ein kjem over helga, så er det tydeleg at prognosane gir meir nedbør, men ikkje veldig låge temperaturar, seier Skare og legg til at temperaturane mange stader kan kvile kring ti varmegrader.

Kilde: NRK

Kommentarer

kommentarer