Nyhetsartikkel

15 august 2018

17,9 prosent lavere magasinfylling enn normalen for årstida i Norge

Auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 32 var fyllingsgraden i norske magasin 62,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 1,7 prosenteiningar, mot 0,9 prosent veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 80,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 67,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 55,9 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 64,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 32 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

1996, 2006 og 2010 er andre år med låg magasinfylling på sommaren:

  • I 1996 var magasinfyllinga i veke 31 57,0 prosent, og steg sakte dei neste vekene.
  • I 2006 var magasinfyllinga litt lågare enn i dag i veke 32 (59,4 prosent), og den gjekk litt ned før den steg igjen.
  • I 2010 var magasinfyllinga litt høgare enn no i veke 32 (65,3 prosent), og steg dei neste veken

Kommentarer

kommentarer