Nyhetsartikkel

01 august 2018

Tangerte tidenes varmaste juli

Gjennomsnittstemperaturen i Noreg enda på 14,5, nøyaktig det same som i juli for fire år sidan.

Årets juli hamnar dermed på delt førsteplass over tidenes varmaste sidan registreringane starta i år 1900. Gjennomsnittleg døgntemperatur for heile landet enda på 14,5, det same som snittemperaturen i juli 2014, opplyser Meteorologisk institutt.

Etter ein tørr vinter i Sør-Noreg kom ein uvanleg varm mai, følgt av ein sommar nesten utan like. Per 1. august hadde Meteorologisk institutt notert 40 tropedagar så langt i år på ein eller fleire målarar.

I fjor vart det registrert berre ein.

Rekordane har falt som fluger
Den målaren som har fått køyrt seg kraftigast er Gulsvik i Flå i Buskerud. Der er det målt 31 tropdedagar til no i 2018. 20 av tropedagene kom i juli. Men, det er eit stort, men. Det har vore utført anleggsarbeid ved målaren med påfylling av grus som gjer at målingane ikkje er godkjente.

Også elles i verda har temperaturane nådd nye høgder.

Førebels er 2014.-plass over tidenes varmaste år globalt.

– Det er nokre månadar att av året, så om temperaturen held seg over normalen er det mogelegheit for at vi kan klatre, seier klimaforskar hjå Meteorologiske institutt, Reidun Gangstø Skaland.

Er det ekstreme det nye normale?
For nokre har det varme vêret vore kjærkome, men for mange gjekk konsekvensane utover nattesøvnen.

Er dette noko vi må venne oss til?

– Vi vil få nokre kalde somrar, nokre våte, og nokre tørre. Det vil vere store variasjonar, men vi må vere merksame på at vi kan få fleire slike dømer som vi har sett i år, seier klimaforskaren.

Vêr og klima
Det er likevel viktig å hugse at vêr og klima ikkje er det same.

Individuelle vêrfenomen, som den ekstreme heten, kan ikkje førast direkte tilbake til klimaendringane. Her til lands kom sydentilstanden av eit lufttrykk som var høgare enn normalt, og veldig standhaftig.

– Ein kan ikkje seie at eitt enkeltår er resultat berre av klimaendring, men ein fullt så varm og tørr sommar hadde vi mest sannsynleg ikkje fått med det same vêrfenomenet for nokre tiår sidan, seier Skaland.

Årets sommar føyer seg inn i eit større mønster med ein stadig aukande temperatur til grunn.

– Vi kjem framleis til å ha variasjonar frå år til år. Men når det vert varmare globalt vil vi kunne få lenger periodar med tørke, særleg i Sør-Noreg om sommaren. Samstundes reknar vi med meir nedbør andre stadar i landet, og at denne vert meir intens. Det er dei to ekstrema som har vist seg i år, seier Skaland, og viser då til at Nord-Noreg nesten regna vekk i juni og Sør-Noreg tørka inn i juli.

Fleire rekordar i vente?
Ifølgje prognosane hjå Meteorologisk institutt så er rekordjaget over for denne gong.

– Det ser ut som vi går inn i ei periode med vanleg norsk sommarvêr, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Det tyder at vi nok ikkje kan loggføre så mange fleire dagar der temperaturen ligg godt over 30 grader. Om vêret i slutten av august igjen vert tropeliknande, vil framleis nokre rekordar henge høgt.

– Det vil vere vanskelegare å setje årsrekordar. Vi byrjar å få kortare dagar og kaldare luft. Nokre august-rekordar kan det verte, men det ser ikkje ut som det vert rekordvêr i alle fall første veka, seier ho.

Kilde: YR.no

Kommentarer

kommentarer