Nyhetsartikkel

03 januar 2018

Tilrår ny 420 kV kraftleidning Lyse–Fagrafjell og ny transformatorstasjon ved Fagrafjell

NVE rår Olje- og energidepartementet til gi Statnett løyve til ein ny 420 kV kraftleidning mellom Lysebotn i Forsand kommune til Fagrafjell i kommunane Sandnes og Time. NVE tilrår òg at Statnett får løyve til ein ny transformatorstasjon ved Fagrafjell.

– Kraftleidningen og transformatorstasjonen er naudsynte for å gi god forsyningstryggleik for straum i Sør-Rogaland, inkludert Stavanger og Sandnes. Vi meiner at dagens forsyningstryggleik ikkje er god nok. Dei nye anlegga vil legge til rette for auka straumforbruk, gjere det mogleg å knytte ny kraftproduksjon til nettet og er ein føresetnad for vidare nettutvikling i regionen, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE

Parallelt med eksisterande leidningar
Den nye kraftleidningen vil erstatte ein eksisterande 132 kV leidning på strekninga frå Lysebotn til Seldalsheia i Sandnes. På denne strekninga skal den nye leidningen òg gå parallelt med ein eller to andre 132 kV-leidninger. Verknadane av den nye leidningen på denne strekninga vil etter NVE si vurdering i hovudsak vere at den bli noko meir synleg, fordi den er større enn leidningen som vert erstatta.

Frå Seldalsheia tilrår NVE at Statnett vert gjeve løyve til ein trasé parallelt med eksisterande 132 kV-leidninger fram til Skjelbrei. NVE har vektlagt at det er ein fordel å samle denne typen inngrep i same korridor, framfor å legge nye trasear i område med uberørt natur og viktige friluftsområde. Det er òg i tråd med innspel frå lokale og regionale styresmakter og interesser. Frå Skjelbrei vil leidningen gå i eigen trasé til den nye transformatorstasjonen i masseuttaksområdet ved Fagrafjell. Verknadane av ny leidning frå Seldalsheia til Fagrafjell vil mellom anna vere at den vert synleg i/frå kulturmiljø, friluftsområde og bustader/gardsbruk. Den vil òg kunne vere ein ulempe for gardsdrift, særleg for spreiing av gjødsel med gjødselkanon og tap av godkjent spreieareal i traseen. Auka kollisjonsrisiko for fugl og forstyrring av hekkelokalitetar kan vere andre verknader av leidningen.

Transformatorstasjon i område med masseuttak
Fagrafjell transformatorstasjon ligg nær eit område med eksisterande masseuttak, og stasjonen vil få negative verknader for kulturminne og kulturmiljø. Ein førekomst av kystlynghei vert bygd ned av stasjonen. Ein hubroreirplass kan bli forstyrra av den auka aktiviteten rundt stasjonen. Samstundes er stasjonstomta godt eigna, fordi den ligg godt skjerma for innsyn. Det er god avstand til bustader, og god plass til å føre eksisterande og nye leidningar inn og ut av stasjonen.

Trasear og stasjonstomt er tilrådd ut frå ei samla vurdering av kva for løysingar som gjev minst mogleg negative verknader for område der folk bur og ferdast, for naturmangfald, reiseliv, friluftsliv, kulturminne osv. NVE tilrår òg at Statnett mellom anna vert pålagt å kamuflere kraftleidningen i nokre område, gjennomføre skånsam skogrydding og montere fugleavvisarar på topplinene på utsette strekningar.

Les meir om NVE sine vurderingar og grunngjeving for innstillinga

Kommentarer

kommentarer