Nyhetsartikkel

24 november 2017

– Bortfallet av maskinskatten er ein ubegripeleg manøver

Ein av dei store industrikommunane i Noreg taper åleine 25 millionar kroner i året på at den såkalla maskinskatten fell vekk. Ordførar Ståle Refstie (Ap) kallar maskinskatten den mest næringsvenlege skattlegginga i heile det norske skattesystemet.

Det var dei borgarlege partia som i innspurten av behandlinga av Statsbudsjettet vart samde om å fjerne den såkalla maskinskatten, eller eigedomsskatt på maskinar og anna tilbehøyr til verk og bruk.

Ved utskriving av eigedomsskatt inngår til vanleg ikkje maskinar, tilbehøyr og anna lausøyre inn i grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt. Men på eigedomar som går inn under kategorien verk og bruk blir dette inkludert. Dette gjeld i første rekkje store fabrikkanlegg som aluminiumsverka og det gjeld dei store anlegga for ilandføring av olje og gass.

Kritikarane har hevda at ordninga ikkje er føreseieleg og at ordninga lagar ulikskapar. Denne vurderinga har fått fleirtal i Stortinget.

– Ei sentralisering
Med Hydro Aluminium Sunndal er Sunndal kommune ein av fleire norske kommunar som kjem til å tape på bortfallet. Dermed reagerer ordføraren skarpt.

– Bortfallet av ordninga er sentralisering av verdiskapinga til større selskap med hovudkontor i Oslo. Dette er ein ubegripeleg manøver, spesielt frå Venstre og KrF slik eg ser det, tordnar Sunndal-ordførar Ståle Refstie.

Sunndal-samfunnet er på mange måtar bygd opp kring det store aluminiumsverket. Verket gjev arbeidsplassar og inntekter. Og kommunen har også fått direkte skatteinntekter gjennom maskinskatten.

– Budsjettvedtaket er veldig skuffande. Av all skattlegging er denne skatten den mest næringsvenlege. Dette er skattlegging av store industrianlegg og ilandføringsanlegg som går med milliardoverskot.

Refstie karakteriserer skatteordninga som ei god ordning.

– Dette er ei gamal skatteordning som fungerer godt. Ordninga har sikra at litt av verdiskapinga i dei store selskapa har blitt igjen i vertskommunane. Dette fell no bort og det er uvisst korleis kompensasjonsordninga blir, seier ordføraren i industrikommunen Sunndal.

Kommentarer

kommentarer