Nyhetsartikkel

12 juni 2017

Tvilte seg fram til nyinvestering på 360 millionar kroner i Midtfjellet

Det tyske investeringsselskapet Aquila har bestemt seg for å utvide den store vindparken i Fitjar med 11 nye vindturbinar.

Styreleiaren i vindkraftselskapet vedgår at de ikkje var ei lett avgjersle å ta.

– Avgjersla syner at me har tru på framtida for norsk vindkraft. Men det var ei krevjande avgjersle. Framleis er kraftprisane låge, og marknaden for sal av elsertifikatar er dårleg, seier styreleder Kristin Ankile i Midtfjellet Vindkraft AS til Bergens Tidende.

Sviande tap
Innteninga for vindparken har nemleg latt vente på seg, og vel så det. I 2015, som er det siste året der det føreligg reknskap, hadde selskapet eit sviande tap på 237 millioner kroner i resultat før skatt. Det var det same året at energiselskapet Buskerud selde seg ut, og tyske Aquila kom inn med som majoritetseigar med 64,84 prosent.

Utan tyskarane hadde sannsynet for  vidare utbygging vore liten vedgår Ankile.

– Me har fått inn eigarar med mykje kapital, noko dei tidlegare eigarane ikkje hadde. Det gir oss moglegheiter, seier ho til BT.

Ny veg på tre kilometer
Ein av årsakene til at dei ønskjer å satse vidare er at mykje av grunninvesteringane er tekne, og at lønnsemda difor vert betre for dei 11 nye turbinane.

Arbeidet har allereie starta. Ein ny tre kilometer ny veg er under bygging, og grunnarbeidet for å reise dei nye vindturbinane. Etter planen skal dei vere på plass allereie neste år og i full drift frå desember 2018.

Vindparken har ein konsesjon på 150 megawatt, og at det fram til no har vore nytta 110 megawatt. Det betyr at dei har konsesjon til utbygging av ytterlegare 40 megawatt, noko som tilseier 11 nye turbinar.

Dei nye turbinane er planlagt å vere større enn dei eksisterande, og kan skal kunne gi straum til 5700 fleire husstandar.

Kommentarer

kommentarer