Nyhetsartikkel

24 oktober 2016

Katastrofetal for kraftkommunane

Kraftkommunar får kraftig reduserte inntekter frå eigedomsskatt neste år. – Dette er dramatiske tal, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune.

Onsdag tikka det inn ei sjokkmelding frå sentralskattekontoret til kraftkommunar, melder NRK.

Den fortel om nye verdifastsetjingar av kraftverka og legg grunnlaget for kor mykje inntekter kommunane kan vente seg i eigedomsskatt på verker og bruk neste år.

Noko av uføret skuldast låge kraftprisar som gjev dårlegare inntening og som påverkar verdien på kraftverka. Dette igjen påverkar kva kraftverka må betale i eigedomsskatt til kommunane dei er plassert i.

Innhaldet i meldinga har potensial i seg til å vere nær katastrofale for enkelte av kommunane:

  • Lærdal budsjetterte med 15 millionar i eigedomsskatt for 2017. Det kan bli redusert med 6,6 millionar kroner – cirka 44 prosent.
  • Aurland budsjetterte med 55 millionar kroner. No kan kommunen miste over 10 millionar – nær 20 prosent.
  • Årdal kommune kan miste 2,7 millionar.
  • Luster kommune kan tape nær 12 millionar.
  • Vik kan miste 5 av 16 millionar, og mister også andre kraftinntekter.

Jan Geir Solheim
BEKYMRA: – Dette er ille, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Store følger
Nedgangen er så stor at det kan få alvorlege følger for fleire kommunar.

– Eg er bekymra. Vi har ikkje fått tala stadfesta, men dei ser reelle ut. Og då er det svært ille, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal kommune til NRK Sogn og Fjordane.

Nedgangen kjem på toppen av nedgangen i same eigedomsskatt i fjor. For Lærdal kommune, som frå før slit økonomisk, er tala alvorlege.

Nedgangen er også stor i nabokommunen Aurland, som er den største kraftkommunen i fylket. Aurland budsjetterte med 55 millionar i eigedomsskatt på verk og bruk i 2017.

Noralv Distad
ALVORLEG: – Ein alvorleg reduksjon i inntektene våre, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

– Vi får ein nedgang i overkant av 10 millionar kroner. Viss dette går igjennom er det heilt klart ein alvorleg reduksjon i inntektene våre. Vi veit at det er dårlegare inntening i kraftbransjen, men vi hadde ikkje rekna med at det skulle få så store utslag, seier Distad.

Dramatisk
I Terra-kommunen Vik kallar rådmann Oddbjørn Ese tala for dramatiske.

– Vi har andre inntekter frå kraftverka som lir same skjebne. Samla blir det store tal, samla er dette dramatisk, seier Ese.

Rådmann Oddbjørn Ese
DRAMATISK: – Samla er dette store og dramatiske tal, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik.FOTO: NORALV PEDERSEN / NRK

I Høyanger seier økonomisjef Ingvar Linde at dei ikkje har tala klare enno. Det hadde dei heller ikkje i Bremanger kommune måndag kveld, ifylgje rådmann Tom Joensen. I Luster torde ikkje ordførar Ivar Kvalen å spå noko, men frykta stygge tal og skal sjå nærare på situasjonen tysdag.

Hjå Landssamanslutninga for vasskraftkommunar prøver dei å få inn alle tala frå medlemskommunane sine.

– Vi arbeider med å få ei oversikt, seier Thea Karoline Bogen i sekretariatet.

Kommentarer

kommentarer