Nyhetsartikkel

04 september 2016

Produserer mesteparten av sin eigen energi

Ei vindmølle står utanfor, og på taket er det 1700 kvadratmeter solcellepanel. Hareid Group var sjølvforsynt med straum i juni.

– I juni hadde vi null i innkjøpt straum. Faktisk leverte vi ein god del overskotsstraum inn på Tussa-nettet, seier konsernsjef Ronald Dyrhol i Hareid-bedrifta til nett.no.

Hareid Group har 560 tilsette og består av 14 dotterselskap. No vert administrasjonen og ein del av produksjonen samla i det nye miljøbygget på Raffelneset i Hareid.

Trur på stor marknad
Fornybar energi er eit nytt og stort satsingsområde for konsernet. Saman med P. Gjerde Invest har ein starta selskapet Klar Energi, der ein leverer skreddarsydde løysingar med fornybar energi.

– Vi trur at her har vi ein stor marknad, både i Norge og i utlandet.

– No byggjer vi kompetanse, seier Dyrhol.

Han viser til at det i dei nye byggjeforskriftene er eit krav om at minst 60 prosent av oppvarminga skal kome frå fornybar energi.

– Her trur vi at mykje av energien kan kome frå solceller, gjerne saman med vind.

Tredje størst
Anlegget på taket på nybygget produserer 220.000 kw straum i året. Berre to solcelleanlegg i Norge er større.

Dyrhol seier at det slett ikkje trengst sol for at solcellepanela skal fungere.

– Det trengst lys. Ein kald vinterdag med snø er ein god solcelledag.

I Rec-samtale
Hareid Group kjøper inn komponentane til anlegga frå ulike underleverandørar. Solcellepanela er hittil kjøpte frå eit tysk selskap.

– Vi er også i samtale med Rec, seier Dyrhol.

Målet er at ein skal skreddarsy løysingar tilpassa både privatbustadar, bedrifter og offentlege bygg.

– Det er her vi kjem inn med vår kompetanse, seier Dyrhol.

Kommentarer

kommentarer