Nyhetsartikkel

29 juli 2021

Kraftsituasjonen veke 29, 2021

Vedvarande høge kraftprisar i sørlege Norge i uke 29, opplyser NVE. Fortsatt store skildnader i strømprisane mellom nord og sør.

Kraftprisen i Noreg auka førre veke, med unntak av Nord-Noreg (NO4). Det er framleis store skilnader i kraftprisen mellom prisområda i Noreg.

For dei sørlege prisområda (NO1, NO2, og NO5) vart gjennomsnittleg vekepris 61,4 øre/kWh, ein auke på 5,1 prosent. Kraftprisen i Midt-Noreg (NO3) var 46,7 øre/kWh, ein auke på 6,0 prosent. Midt-Noreg hadde gjennom førre veke også  ein meir vekslande kraftpris, noko som blant anna heng saman med at kraftprisen her følgjer Nord-Sverige (SE2) i større grad. Nord-Noreg (NO4) hadde ein kraftpris på 20,2 øre/kWh, ein nedgang på 2,7 prosent. Nord-Noreg auka også kraftproduksjonen med 28 prosent, dette heng saman med auke i eksportkapasitet frå Nord-Noreg til Nord-Sverige (SE1) og Midt-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2021 (PDF).

Kommentarer

kommentarer