Nyhetsartikkel

18 november 2020

Høyeste magasinfylling på 20 år

Framleis høg magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 46 var fyllingsgraden i norske magasin 93,8 prosent, opplyser Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,9 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Aust- Noreg (område 1) med 97,6 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 91,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 46, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.

Uvanleg høg magasinfylling i Noreg

Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina var 93,8 prosent ved utgangen av veke 46. Dette er 1,9 prosentpoeng høgare enn det som har vore registrert for denne veka dei siste tjue åra, opplyser NVE. Den gode ressurssituasjonen var blant årsakene til at både norsk kraftproduksjon og nettoeksport auka frå veka før. Norge var nettoeksportør av kraft gjennom hele veka, med unntak av på søndag. Mot slutten av veka auka vindkraftproduksjonen i Sverige og på kontinentet, noko som førte til at Norge importerte rimeleg kraft søndag morgon og kveld.

I veke 46 var den gjennomsnittlege norske kraftprisen 6,1 øre/kWh. Overføringskapasiteten frå Sør-Noreg til Sør-Sverige vart redusert i samband med vedlikehaldsarbeid, medan overføringskapasiteten frå Nord-Noreg til Nord-Sverige auka til nesten full kapasitet etter fullført arbeid.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2020 (PDF)

Kommentarer

kommentarer