Nyhetsartikkel

17 november 2020

Forvrengt energipolitikk

Tidlegare var samfunnsoppdraget til kraftselskapa å skaffe nok energi, og dei gjekk ofte i spissen for energieffektivisering. I dag er det nesten berre kva dei tener på kraftsal som er styrande. Dei er gjerne bakpå når det gjeld energieffektivisering, men frampå for tiltak som kan auke prisen på kraft, eksport av kraft, og å byggje fleire kraftverk. Men kraftselskapa skal ikkje ha heile skulda for dette. Her er det snakk om politisk vilje og styring av norsk energipolitikk i framtida, skriver Magne Vågsland og Mads Løkeland-Stai i Naturvernforbundet i Trøndelag i denne kronikken.

Dei fleste vil vera einige om følgjande mål for energi:

1. Energieffektiv drift i heile samfunnet.

2. Ikkje misbruk energi.

3. Unngå å byggje ned natur.

4. Prioritere energi til viktige samfunnsformål.

5: Bruke rett type energi til ulike formål.

I praksis er dessverre lite av dette lagt til grunn.

Motstand mot energieffektivisering
I 2013 var det snakk om at Noreg skulle følgje EUs direktiv for energieffektivisering, men Energi Norge, kraftselskapas organisasjon, gjekk mot, då redusert energibruk kunne føre til overskot av kraft og låg elpris. I 2019 gjekk dei på nytt mot EUs mål for energieffektivisering. Noreg, som elles er raske til å følgje EUs direktiv, har enno ikkje godteke direktivet frå 2012. Regjeringa har lovd 10 TWh mindre energi i bygg i 2030, men heller ikkje i statsbudsjettet for 2021 kan ein finne reelle tiltak for dette. Enova bruker i stadig meir av dei store pengane på tiltak for ny energi, i staden for tiltak for mindre energibruk, sjølv om tallause rapportar viser enorme tal for frigjering av elektrisk kraft – dersom ein satsar på det.

Misbruk av kraft
Kraftselskapa, som er engstelege for energieffektivisering, jobbar for å kunne selje meir energi til store datasentre. Trønderenergi, NTE og Eidsiva vil ha fiberkabel frå Irland for å få datasentre i Midt Noreg, BKK vil ha sentre i Vestland, mens Statkraft og Energi Norge drøymer om enorme, kraftslukande datasentre over heile landet. Statnett hadde allereie i 2019 fått spørsmål om 60 TWh kraft til datasentre, opp mot halvparten av norsk elproduksjon. Energi til unyttig produksjon av Bitcoin og annan kryptovaluta får redusert el-avgift på linje med energi til prosessindustriens hjørnesteinsbedrifter. Bør vi leggja oss flate for dataindustriens hemningslause energibruk, og halda fram med å subsidiere denne? Skal alle datasentre automatisk få ja når dei vil ha kraft?

Nedbygging av natur
Mens kraftselskapa snakkar ned potensialet for energieffektivisering, går dei samtidig i spissen for fleire kraftverk, og legg stort sett systematisk all vindkraft i inngrepsfri natur. I tillegg snakkar stadig fleire politikarar om å bygge meir vasskraft, også i verna vassdrag. Den nasjonale motstanden mot å rasere naturen med vindkraft kan forhåpentlegvis stanse mange planar, men vi må også halda fast på vern av vassdraga. Gjennom verkeleg satsing på energieffektivisering får vi frigjort nok elkraft til å erstatte fossil energi utan nye kraftverk, men då blir det mindre å tene for kraftselskapa.

Advarsel mot iskasting fra vindturbinene på Bessakerfjellet

Kraft til eksport eller industri?
Statnett har rekna med auka kraftpris når Englandskabelen og Tysklandskabelen kjem i drift. Kabelen til Skottland (NorthConnect) er sett på vent, men om den kjem, går prisen ytterlegare opp. Det blir hevda at krafteksport gjennom kablane gir mindre utslepp av CO2 i Europa, ein tvilsam påstand, ut i frå korleis EUs kvotesystem fungerer. Viktigare er det at auka kraftpris set framtida på spel for norske kraftforedlande hjørnesteinsbedrifter, som ligg i verdstoppen med låge utslepp av CO2. Til beste for arbeidsplassar og klimaet, bør krafta bli prioritert til dette, framfor krafteksport og Bitcoin. Fleire utanlandskablar får kraftprisen opp, og aukar presset for bygging av meir vindkraft.

Rett bruk av energi?
Det er bra med elektrisk drift av bilar, fjerning av oljefyr etc, men til nokre tiltak kan ein stille spørsmål. Håvard Wollan frå Biokraft, seier at Noreg kan produsere 11-13 TWh biogass frå avfall. Biogass kan bidra til drift av skip og fly, og vera råstoff i industrien. Dette kan redusere behovet for elektrisk kraft til erstatning av fossil energi. Det er bra med elektrifisering, men vi må bruke den elektrisiteten vi har, med fornuft. Vi kan også spørja om når vi får lyntog mellom dei store byane, som kan erstatte ein god del fly- og vegtrafikk, og dermed redusere energibehovet.

Vegen fram
Det trengst ein nasjonal plan for kva som skal bli prioritert, energieffektivisering og rett energibruk, eller berre å pøse på med ny (og naturskadeleg) kraft. Debatten om dette bør bli sentral.

Som eit første tiltak, bør Noreg etablere eit forpliktande system som premierer tiltak for redusert energibruk, slik det er i bruk i 15 europeiske land, med mange gode resultat. Vi foreslo slike «kvite sertifikat» allereie i 2011.

Magne Vågsland og Mads Løkeland-Stai

Naturvernforbundet i Trøndelag

Kommentarer

kommentarer