Nyhetsartikkel

24 april 2019

Gjennomsnittsprisen for straum i første kvartal 2019 var på 46 øre/kWh, det er om lag på same nivå som i første kvartal 2018. I veke fire steig straumprisen i Noreg til sitt høgaste nivå sidan vinteren 2010/11.

Av Informasjonsavdelinga, NVE

Etter toppen i januar falt straumprisen med om lag ein tredjedel mot slutten av kvartalet.

– Det er fleire årsakar til at straumprisen fekk ein topp i slutten av januar. Ein av faktorane er at det norske kraftsystemet er kopla saman med Europa og vert påverka av kontinentale kraftprisar. I løpet av 2018 steig prisane på CO2-kvotar, gass og kol og førte til høgare kontinentale kraftprisar. Samtidig gjekk Noreg inn i 2019 med eit hydrologisk underskot. Det var mindre snø og vatn i vassmagasina enn normalt på denne tida av året, noko som også trakk prisen opp, seier Anne Vera Skrivarhaug

Sank til same nivå som første kvartal 2018
Utover i kvartalet sank prisen på CO2-kvotar, gass og kol i Europa, medan temperaturane i Noreg steig og det hydrologiske underskotet vart mindre. Det førte til at straumprisen gjekk ned til same nivå som første kvartal 2018.

– Total nordisk vindkraftproduksjon i første kvartal var på 13,8 TWh som er den høgaste kvartalsproduksjonen som er registerert i Norden. Den høge andelen vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige gjorde at Noreg hadde tilgang til billigare straum frå desse landa, seier Skrivarhaug

I første kvartal har det vore nettoimport av straum til Noreg i 11 av 13 veker. Nettoimporten var på 2,1 TWh i første kvartal 2019 samanlikna med ein nettoeksport på 2,4 TWh i same periode i 2018.

Les kvartalsrapporten her.

Kommentarer

kommentarer