Nyhetsartikkel

11 september 2018

September er snart ein sommarmånad

Årets første høstmånad er på veg til å bli den siste sommermånaden.

Vêrstatistikken talar for at september snart kan reknast som ein utviding av sommaren. Denne månaden går mot å bli både varmare og tørrare enn normalen.

Hans har sendt spørsmål til meteorologane og spør om Nord-Norge vil få ein like tørr og fin september som i fjor, då for eksempel Tromsø fekk bare cirka 5 prosent av normal nedbørmengd, skriver YR.

Å gje noko svar på dette er vanskeleg, men tendensen i Norge er klar, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Varmere enn mai
Om ein ser på temperaturstatistikken for september landet rundt, er september normalt sett ein varm månad. I dei fire byane Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø er normalen i same rekkefølgje 10,8 grader, 11,2 grader, 9,0 grader og 6,7 grader.

Denne normalen er basert på den klimanormalen vi brukar no. Med normal meiner vi gjennomsnittsvêr over ein periode på tretti år. Normalperioden i dag er frå 1961 til 1990. Hvis vi ser på temperaturutviklinga sidan 2000 og fram til 2017, har temperaturen for september i snitt auka med 1,2-1,8 grader, og nærmar seg normalen for juni. September er etter normalen varmare enn mai dei fleste stadane i landet.

September blir tørrare

Om ein ser på nedbørstatistikken er tendensen at september blir tørrare. Nedbørnormalen for Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø er normalen i same rekkefølgje 90 millimeter, 283 millimeter, 110 millimeter og 102 millimeter. Hvis vi på nedbørutviklinga i perioden frå 2000 til 2017 er gjennomsnittsnedbøren for Oslo ca 20 prosent lågare enn normalen, for Bergen 10 prosent lågare enn normalen og for Trondheim cirka 35 prosent lågare enn normalen. For Tromsø har nedbørmengda auka med rundt 10 prosent.

Ser ein på nedbørtendensen for september dei siste fem åra, kjem den tørre tendensen enda betre fram. Oslo har nedbør 20 prosent lågare enn normalen (uendra), Bergen har nedbør 40 prosent lågare enn normalen, Trondheim har nedbør 40 prosent lågare enn normalen og Tromsø har nedbør ca 35 prosent lågare enn normalen. Ei forklaring på at dette skjer kan vere at det typiske vestaveret Norge pleier å ha i september er forsinka, eller at lågtrykka går ei anna bane enn vanleg.

Kommentarer

kommentarer