Nyhetsartikkel

01 august 2018

17,3 prosent lavere magasinfylling enn normalen for årstida i Norge

Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgraden i norske magasin 60,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar, same nedgang som veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 77,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 64,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 53,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 62,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 30 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

1996, 2006 og 2010 er andre år med låg magasinfylling på sommaren:

  • I 1996 var magasinfyllinga i veke 29 55,2 prosent, og steig sakte utover sommaren.
  • I 2006 var magasinfyllinga omtrent likt som i dag i veke 30 (60,3 prosent), og den gjekk ned med omlag 1,5 prosenteiningar i løpet av de neste fire vekene før den steg igjen.
  • I 2010 var magasinfyllinga litt høgare enn no i veke 30 (62,6 prosent), og han steig utover sommeren.

Tabell med historiske tall: http://vannmagasinfylling.nve.no/Default.aspx?ViewType=AllYearsTable&Omr=NO

Kommentarer

kommentarer