Nyhetsartikkel

08 mai 2018

På det jevne fra Sunnfjord

Konsernet Sunnfjord Energi fekk eit årsresultat på 85 millionar kroner i 2017 mot 92 millionar kroner i 2016.

Forretningsområdet produksjon har auke i resultat, medan nettverksemda har lågare resultat enn i 2016.

Kelde: Sunnfjord Energi

Morselskapet Sunnfjord Energi AS fekk eit årsresultat på 107 millionar mot 48 millionar kroner i 2016.

– Dette er eit godt resultat etter eit år der selskapet har vore inne i krevjande prosessar, og resultatet kjem som følgje av god innsats i heile bedrifta, seier adm.dir. i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.
– Vi har hatt god produksjon, men ikkje så mykje som i toppåret 2016. Nettverksemda har gjennomført eit moderniserings-løft med nye straummålarar i alle målepunkt, og har tilpassa organisasjonen til framtidas moglegheiter.

– Tilbakeføring av tidlegare års nedskrivingar knytt til Kjøsnesfjorden Kraftverk påverkar årets resultat i konsernet og morselskapet positivt. Dette betyr at framtidsutsiktene for vasskraft ser betre ut i dag enn det gjorde i fjor, då vi måtte gjere nedskrivingar på kraftanlegget, seier han.

Eigarane i selskapet, 7 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn samt BKK, vil dele eit utbytte på 14 millionar kroner, tilrår styret i Sunnfjord Energi.

– Nettet står framfor fornying og modernisering, vi har planar om utbygging av ny kraft og vi er framleis inne i ein periode med fornying av eldre kraftstasjonar. Dette er investeringar som er naudsynte for å vidareutvikle potensiale i vårt område, og det er viktig å styrke eigenkapitalen og soliditeten i selskapet slik at vi har finansielle musklar til å få til den gode utviklinga til beste for eigarar og samfunn, seier Behrens.

Kommentarer

kommentarer