Nyhetsartikkel

16 mars 2018

Eit steg nærare ei nasjonal ramme for vindkraft

NVE har fått i oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) å lage eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

NVE gjer dette i samarbeid med andre etatar, og skal levere forslaget til Olje- og energidepartementet 31.12.2018.

Den nasjonale ramma skal omfatte:

  • Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar for miljø og samfunn
  • Eit kart med oversyn over dei mest eigna vindkraftområda i Noreg.

Arbeidet med identifisering av dei mest eigna områda foregår i fleire steg. Vi er no ferdige med det første steget, og har publisert eit kart med såkalla «harde eksklusjonar». Dette kartet gir ei oversikt over område der det ikkje er aktuelt å byggje vindkraftverk, og er i hovudsak ei konstatering av kva for område som har for lite vind eller som er formelt verna mot vindkraftutbygging. Kartet gir eit grunnlag for dei neste stega i arbeidet med den nasjonale ramma.

For å sjå kartet kan du gå inn her. Der kan du òg finne temarapportar og meir informasjon om den nasjonale ramma.

Kommentarer

kommentarer