Nyhetsartikkel

02 mars 2018

Kraftkritikk frå LO-topp

I både Fellesforbundet og Fagforbundet er skepsisen mot EUs energipakke stor. Det kan endre LOs standpunkt.

Onsdag samlat forbundsleiinga i Fellesforbundet seg til møte. Der vart skepsisen mot EUs tredje energimarknadspakke svært tydeleg for forbundsleiar Jørn Eggum, skriv Klassekampen.

Fellesforbundet organiserer mange som arbeider innanfor kraftkrevjande industri, og derfor vil uvisse rundt nye EU-reglar på dette området vege særs tungt for forbundsleiinga.

I LO er det lang tradisjon for at det er dei forbunda som blir mest påverka av eit vedtak som får mest å seie for utfallet i saka. Til no har LO vore relativt forsiktige i sine kommentarar om EUs tredje energipakke. Det kan raskt endre seg dersom dei store forbunda fattar nei-vedtak.

Går langt i kritikk
Acer er EUs byrå for energisamarbeid. Acer styrer på grunnlag av EUs energimarknadspakkar, og det er strid om kor vidt den tredje av desse skal bli innført i Noreg. Då vil Acer få ein norsk avleggjar i Reguleringsmyndigheten for energi (RME) i Noregs energi- og vassdragsdirektorat. RME skal vere uavhengig av norske styresmakter.

– Mange, også i Fellesforbundet, er kritiske til at Noreg skal slutte seg til EUs tredje energimarknadspakke. Kva tenkjer du om det?

– Til no har vi blitt representert gjennom LO, og LO har svart på høyring i Stortinget om dette. På sist møte i forbundsstyret fekk eg spørsmål om vi kan ha ei orientering så folk kan setje seg inn i dette. Der vil vi få utkrystallisert kven som er for, kven som er mot og kva dette er, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum til Klassekampen.

Han fortel at han kjenner på skepsisen i sitt eige forbund:

– Det er litt tidleg å seie korleis dette vil gå, men at det er stor skepsis hos mange av våre tillitsvalde – det er heilt riktig.

Eggum går langt i å seie at kritikarane har forbundsleiarens støtte:

Regelverket kan endre seg
Fleire ekspertar har peika på at det er vanskeleg å seie korleis regelverket vil utvikle seg, all den tid noko av poenget er at det skal vere dynamisk.

– Er det vanskeleg å få endelege avklaringar på eit dynamisk regelverk?

– Det får vi sjå når svara kjem. Men det er ikkje tvil om at dersom svara seier at dette blir eit overnasjonalt organ som tek vekk vårt sjølvstyre, då ville eg vere overtydd om at dette er noko vi burde seie nei til.

Odd-Haldgeir Larsen er nestleiar i Fagforbundet, LOs klart største forbund. Han er skeptisk til energipakka.

– Kva tenkjer du om EUs tredje energimarknadspakke for Fagforbundets del?

– Vi har førebels ikkje teke noka avgjerd, men vi kjenner nok på den skepsisen som fleire både i LO-familien og i arbeidarrørsla generelt har.

– Kvifor det?

– Fordi vi er redde for å miste kontrollen over naturressursane på sikt. Eg trur ikkje det er så farleg akkurat no, men vi må vurdere korleis dette påverkar vår styring med dei ressursane, seier Larsen.

02

– Nei, vi tek avgjerdene på eigne bein, vi.

Kristeleg Folkeparti har lang tradisjon for å vere eit av Stortingets mest EØS-positive parti, men også der er det langt frå sikkert at det blir fleirtal for direktivet.

Klassekampen får opplyst at også KrF ventar på svara på dei spørsmåla Ap har stilt regjeringa.

Kommentarer

kommentarer