Nyhetsartikkel

15 februar 2018

Ap med nye Acer-krav

Espen Barth Eide stiller nye krav for at Ap skal støtte EUs energimarknadspakke, skriver Klassekampen.
Ap krev nye svar frå regjeringa for å gå med på energimarknadspakka. Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum trur fleirtalet i Aps stortingsgruppe er mot heile pakka.

I dag samlar demonstrantar seg til aksjon over heile landet mot EUs energiunion. Særleg er motstanden stor på industristader som Sunndalsøra, Odda og Mo i Rana.

No prøver Arbeidarpartiet å kome kritikarane i møte: Partiets gruppestyre fatta onsdag morgon ei rekkje nye krav som må vere oppfylt for at partiet skal kunne gå inn for EUs tredje energimarknadspakke, der energibyrået Acer er ein viktig del.

Noregs olje- og gassressursar er det norske folks eigedom og skal kome heile samfunnet til gode.

Eigarskapen til norske vasskraftressursar skal liggje fast. Minst to tredelar skal vere offentleg eigd.

Norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Noreg og til å erstatte fossil energi med fornybar energi.

Norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle viktige avgjerder for energitryggleiken i Noreg, til dømes dei som gjeld industrien.

Avgjerder om nye utanlandskablar skal framleis vere ei suveren avgjerd fatta av norske styresmakter. Eventuelle nye kablar skal vere samfunnsøkonomisk lønsame.

Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandssamband. Dette skal inn i energilova.

Dei såkalla flaskehalsinntektene skal framleis kunne gå til å redusere nettariffane og til å vedlikehalde og byggje ut det norske straumnettet.

Krava blei sendt til regjeringa i går, skriv Klassekampen.

Avgjerande for Ap
Espen Barth Eide er energipolitisk talsperson i Ap. Han meiner dei nye Ap-krava svarer på uroa frå motstandarane.

– Essensen er at vi ikkje vil vere med på noko som endrar eigedomsretten til norsk kraft. Vi vil halde fram politikken med at noko skal vere offentleg eigd. Vi trur ikkje dette vil bli utfordra av EU, men vi vil forsikre oss om det, seier Eide til Klassekampen.

Han meiner desse krava er i tråd med den meir enn hundre år lange tradisjonen for at norsk kraftpolitikk skal sikre sjølvråderetten.

– Om det ikkje går å avklare, er det ikkje sikkert vi er for. Men om vi får dette avklart positivt, vil det seie at vi tek inn mykje av uroa der ute. Vi seier oss einige med dei som lagar parolar: Krafta er vår.

 

Vedum: Vi treng tid
Trygve Slagsvold Vedum er leiar i Senterpartiet. Han meiner det er rett å bruke meir tid på denne saka no – ikkje minst i ljos av Aps nye krav.

– Det er så viktig at vi reelt sett gjev tid til det. Ap må sørgje for at vi må få meir tid til handsaminga her i Stortinget. Eg er heilt sikker på at hovuddelen av Ap er samde med oss i hovudmålsetninga om korleis vi skal bruke norsk kraftpolitikk, men så er dei så redde for å gjere noko som blir opplevd som EU-kritisk at dei er redde for å bli utfordrarar. Då bør Ap stø oss i at vi skal bruke meir tid på denne saka.

AUF går mot EUs energipakke
Ungdomspartiet til Ap vedtok tysdag å gå mot EUs tredje energimarknadspakke.

– Vi vil ha suverenitet over krafta. Den høyrer til fellesskapen, seier AUF-leiar Mani Hussaini til Klassekampen.

– Noreg er ein av dei største krafteksportørane i Europa. Vi skal bidra til at det blir brukt meir fornybar energi, og AUF støttar ideen om byte ut kolkraft med norsk overskotskraft, men det gjer vi utan å gje makta til eit overnasjonalt organ, seier han.

AUF meiner at eit vedtak om å bli med i Acer må bli handsama etter paragraf 115 i Grunnlova.

– Regjeringa har ikkje gjeve gode nok svar. Vi kan ikkje gje blankofullmakt med så mykje uvisse.

– Kva gjer Ap no?

– Mange industriarbeidarar og i fagrørsla er uroa, ikkje minst på grunn av suverenitetsspørsmålet.

 

Acer-motstand:

• Regjeringa ønskjer at Acer, EU-byrået for samarbeid mellom energiregulerings­styresmakter, skal få råderett over norsk kraftpolitikk. Dette er eit ledd i å få Noreg inn i EUs energiunion.

• I dag er det markeringar mot Acer og EUs energiunion på fleire viktige industristader: Mo i Rana, Mosjøen, Orkanger, Sunndalsøra, Høyanger, Odda og Kristiansand. I tillegg er det temamøte om saka på Raufoss.

• Paragraf 115 (fram til 2014: paragraf 93) i Grunnlova seier at det må til tre firedels fleirtal i Stortinget for norsk suverenitetsavståing. Paragrafen er brukt to gongar. Kjelde: Nei til EU

 

Kjelde: Klassekampen

Kommentarer

kommentarer