Nyhetsartikkel

31 januar 2018

Vi må bli betre til å førebygge skader frå flaum og skred

Skader frå flaum- og skredhendingar kostar samfunnet mykje. Ei ny tilskotsordning er eitt av fleire grep NVE tar for å betre samfunnet si evne til å førebygge skader frå flaum og skred.

Kommunar kan søke NVE om økonomisk støtte til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekker og bratte vassdrag fløymer over. Tysdag 30. januar vart tilskotsordninga lansert. Same dag starta NVE ein ny runde med fylkesvise fagsamlingar der offentleg forvaltning og konsulentar lærer meir om å førebygge skader frå flaum og skred.

– Klimaendringane vil i framtida gi auka ekstremnedbør og styrtregn. Ei av utfordringane i dag er at kommunane ikkje har god nok oversikt over utsette enkeltpunkt i sine vassdrag. Ved å kartlegge desse kritiske punkta får kommunane eit grunnlag for å vurdere førebyggande tiltak, også ved beredskapssituasjonar, fortel direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth.

Kritiske punkt kan vere tekniske inngrep, til dømes bruer og lukka bekker, eller naturgitte forhold som til dømes innsnevring av bekke- og elveløp eller grunne parti etter masseavlagring.

– Tilskot til kartlegging av slike kritiske punkt er eit nytt og viktig tiltak. Oversikt over kritiske punkt kan bidra til at det blir gjort nødvendige tiltak, og at risikoen for skader vert redusert, seier Leifseth.

Les meir om tilskot til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag

Kommentarer

kommentarer