Nyhetsartikkel

31 januar 2018

Refsar Acer-løysinga

Eivind Smith meiner regjeringa prøver å sleppe unna rett bruk av Grunnlova.

Jussnestor Eivind Smith meiner regjeringa konstruerer ei umogleg løysing slik at Noreg skal kunne bli med i Acer, skriver Klassekampen.

Noreg kan vere i ferd med å gje frå seg suverenitet over delar av kraftpolitikken til EU. I mars skal Stortinget røyste over om Noreg skal slutte seg til Acer, EU-byrået for energiregulering.

No meiner professor Eivind Smith at regjeringa unngår å seie at det er snakk om suverenitetsavståing som skal handsamast etter det særskilde reglene for slike høve, skriver Klassekampen.

Dette er vedtak som får direkte konsekvensar for norsk rett, meiner Smith, ein av våre fremste ekspertar på området.

Dersom Stortinget skal vedta suverenitetsavståing, til dømes til EU, skal dei bruke paragraf 115. Då må tre firedelar av Stortinget røyste for vedtaket.

– Du mistenkjer at dei argumenterer slik for å sleppe unna bruk av paragraf 115?

– Ja, og dette er ikkje den einaste saka der regjeringa helst vil sleppe unna paragraf 115, seier Smith.

Smith understrekar at han ikkje uttalar seg om sjølve politikken, men om dei konstitusjonelle sidene ved saka.

Store konsekvensar
Dei siste vekene har striden rast om kor vidt Noreg bør seie ja til å bli underlagt Acer. Kritikarane fryktar for både høgare kraftpris og mindre sjølvråderett, medan regjeringa avviser båe delar.

– Utgangspunktet er at regjeringa gjerne ville ha vore med i EUs energibyrå. Men vi er ikkje med i EU, seier han.

I staden skal Esa, Eftas overvakingsorgan, sende byrået sitt vedtak vidare i eige namn, men slik at innhaldet ikkje blir endra. Vedtaka skal rettast til ei ny avdeling i NVE som skal vere uavhengig av styresmaktene. Korkje regjeringa eller departementet skal kunne nytta den makta til å styre forvaltningsapparatet som elles fylgjer av Grunnlova, og den norske lovgjevande makta skal ikkje kunne gjere om på sjølvstendet.

– Regjeringa sitt standpunkt om at det ikkje er naudsynt å bruke paragraf 115 fordi det ikkje er overføring av mynde, byggjer på ei fråsegn frå regjeringa sin eigen lovavdeling i Justisdepartementet, seier Smith.

Nytt organ får uklar status
– Lovavdelinga bygger på at vedtaka vil berre vere retta mot ei statleg styresmakt, ikkje direkte mot private, til dømes kraftselskap, deg og meg. Derfor seier ho ganske kort at vedtaka ikkje vil ha verknad internt i norsk rett på eit vis som ikkje grip inn i råderett som Grunnlova legg hjå statlege styresmakter. I sin tur vil dette seie at det ikkje er snakk om maktoverføring i Grunnlova si forstand. Noko særleg meir enn dette seier ikkje lovavdelinga.

Det er to problem med dette, ifølgje professor Smith:

– Grunngjeving er for det fyrste påfallande kort. Det i seg sjølv kan gje grunnlag for å krevje at saka vert djupare greitt ut.

– For det andre kan eg ikkje skjøne at standpunktet er riktig. Det er jo nettopp tale om vedtak som får direkte verknad i nasjonal rett i Noreg og som grip inn i den råderetten over forvaltningsapparatet som Grunnlova legg til den lovgjevande makta, seier Smith og held fram:

– Den nye Reguleringsstyresmakten for energi (RME) skal vere uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltninga.

– I ein slik situasjon kan ikkje lovavdelinga si føresetnad om at det berre er vedtak frå EU- og EØS-systemet som gjeld private som kan seiast å ha internrettsleg verknad, medan vedtak som gjeld det offentlege ikkje har direkte internrettsleg verknad, vere riktig, meiner han.

Eit organ i staten
Det er stort sett semje om at dersom staten Noreg går inn i eit samarbeid som kan gje Noreg plikter som stat, er det ikkje maktoverføring i § 115 si forstand. Men her er det ikkje staten Noreg, men eit organ i statsapparatet som elles skulle vere underlagt norske politiske styresmakter, som vert bunde, forklarar Smith.

– Då er det vanskeleg å forstå at det ikkje er tale om overføring av råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter Grunnlova.

– Norsk kraftpolitikk heng tett saman med samfunnsutviklinga i Noreg. Kva slags avgjerder kan organet fatte?

– Dette byrået skal fyrst og fremst prøve å oppnå semje med nasjonale reguleringsstyresmakter. I praksis er det difor ikkje sikkert at retten til å treffe vedtak vil ha all verda å seie. Men det er jo nettopp når ein er usamde, slik at vedtak vert naudsynt, at dette kan bli dramatisk, seier han.

Smith er òg kritisk til at dei konstitusjonelle problemstillingane også denne gongen blir møtt med reint praktiske motargument.

– Dei går sterkt inn for ordninga fordi dei meiner det er ei god ordning. Om dette er riktig, har eg som jurist ikkje noko standpunkt til. Men om regjeringa er så sikker på at ho har rett i sitt syn, bør det jo ikkje vere noko problem å bruke paragraf 115, seier Smith.

Kommentarer

kommentarer