Nyhetsartikkel

18 januar 2018

Naturvernforbundet om kraftstriden i Odda: – Ein skandale

Folk skal seie meininga si om eit kraftverk med potensielt store inngrep i naturen – utan å få sjå eit kraftfritt alternativ.

Etter oktoberflaumen i Odda i 2014, då Opoelva fløymde over og raska med seg fleire hus, har det vorte eit samla krav frå innbyggjarane at vassdraget vert flaumsikra.

Kommunen ønskjer ein flaumtunnel for å sikre sentrum frå liknande hendingar, men tunnelen er vanskeleg å finansiera utan å byggja kraftverk også.

I haust leverte Sunnhordland kraftlag sin søknad om å få byggja kraftverket (sjå kart under). Samstundes har NVE fått i oppdrag å undersøke ei alternativ løysing utan kraftverk. Men når høyringsfristen for konsesjonsbehandlinga går ut 20. februar, er NVE si utgreiing truleg ikkje klar.

– Opo er eit verna vassdrag og er av dei aller flottaste vi har. Det er ein skandale at det ein forsøker å konsesjonsbehandle dette vassdraget no, før NVE er ferdig med si utgreiing, seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet.

Det er eitt år sidan Stortinget opna opp for ei konsesjonsutgreiing om bygging av kraftverk i vassdraget.

Regionsjef Brigt Samdal i NVE beklagar at dei er svært forseinka i arbeidet med å finna ei løysing der Opoelva ikkje endar opp som eit kraftverk, men som likevel gjer at elva blir flaumsikra.

– Vi jobbar med dei problemstillingane framover. Det kunne vore ønskjeleg at dette skjedde parallelt. No blir det forseinkingar.

Opoelva i Odda
VASSFØRING: Det kan bli både vilt og vakkert når vassføringa i Opovassdraget er høgt. Mange innbyggjarar fryktar vassføringa skal bli svært låg om ein byggjer flaumtunnel med kraftverk.Foto: 03030-tipsar

Under oktoberflaumen i 2014 såg fleire heimen forsvinna på fjorden. Ved stor vassføring i vassdraget flaumar også Sandvinvatnet over.

Krev utsetjing
Naturvernforbundet, som er sterkt imot å byggja kraftverk i elva, er ikkje nådig i kritikken av korleis dei prosessen har blitt. Dei har no sendt brev til NVE der dei ber direktoratet raska på.

– Når kommunen no skal ta stilling til om dei skal gå for utbygging eller ikkje, så må dei jo vite om alternativet som kan sikre Odda sentrum mot flaum er godt nok. Det får vi vite av utgreiinga til NVE, poengterer Esmark.

Kommentarer

kommentarer