Nyhetsartikkel

02 januar 2018

Løyve til konsesjonsendringar for ny kraftleidning Magnhildskaret–Svelgen–Ålfoten i Sogn og Fjordane

NVE har gjeve SFE Nett konsesjon til å byggje den tidligare konsesjonsgjevne kraftleidningen 132 kV Ålfoten-Svelgen med stålmaster og duplex-liner. NVE gjev samstundes SFE Nett oreigningsløyve til å utvide rettsbelte med om lag tre meter. NVE har òg gjeve SFE Nett løyve til å gjere mindre tekniske endringar på den tidligare konsesjonsgjevne kraftleidningen 132 kV Magnhildskaret–Svelgen.

Kraftleidningane, som var ein sjølvstendig seksjon av ein større søknad kalla Ny 132 kV ytre ring Nordfjord, fekk endeleg konsesjon av Olje- og energidepartementet den 11. november 2016. Etter at konsesjonen vert gjeve, har overføringsbehovet på leidningen auka. NVE meiner at endringane det no vert gjeve konsesjon til, er naudsynte for å unngå store tapskostnader.

Etter NVE si vurdering vil ein leidning bygd med stålmaster og duplex-liner bli noko meir synleg i landskapet enn den tidligare konsesjonsgjevne leidningen med tremaster. Samstundes vil leidningen ha lengre spenn og mastepunkta vil kunne byggjast parallelt med 420 kV Ørskog–Sogndal, noko NVE meiner vil bidra til å sikre eit ryddig preg i landskapet.

Les meir om NVE sine vurderingar her.

Kommentarer

kommentarer