Nyhetsartikkel

18 desember 2017

Nøkkeltalsrapport for 2016

Drift- og vedlikehaldskostnadene til nettselskapa var ti prosent lågare i 2016 enn dei var i 2007, målt i realverdi. Dei årlege investeringane har nesten tredobla seg i same periode.

Totalt er nettkostnadane, og dermed nettleiga, redusert med tre prosent sidan 2007 målt i realverdi.

– Vi kan ikkje forvente reduksjon i nettkostnadar framover. Nettselskapa skal gjere store investeringar dei neste ti åra, og vi ventar at nettleiga skal auke, seier avdelingsdirektør Ove Flataker i NVE.

Reine nettselskap meir kostnadseffektive

Nettkostnaden til dei vertikalt integrerte nettselskapa var i perioden 2007-2016 høgare enn for dei reine nettselskapa som ikkje er integrert med ein kraftprodusent eller kraftleverandør. Sidan 2012 har differansen mellom dei to gruppene auka. I 2012 var skilnaden 7,28 øre/kWh, medan i 2016 var skilnaden 11,15 øre/kWh. Det betyr at skilnaden i realverdi har auka med drygt 50 pst over fem år.

– Bransjen er i omstilling. Vi ser at mange selskap har gjennomført eller planlegg endringar i selskapsstrukturen. Denne utgåva stadfestar i stor grad funna frå tidlegare rapportar: Dei reine nettselskapa er i all hovudsak meir kostnadseffektive, har høgare avkasting og lågare nettleige enn dei vertikalt integrerte selskapa, seier Flataker.

Det er store individuelle skilnadar mellom selskapa. Skilnadane kan skuldast fleire årsaker enn berre korleis selskapa er organisert, til dømes utnytting av stordriftsfordelar.

26 færre nettselskap

Dei siste ti åra har det forsvunne 26 nettselskap der halvparten var små, vertikalt integrerte selskap. Per 31.desember 2016 var det i tillegg til Statnett 131 nettselskap, og om lag to tredjedelar av dei er vertikalt integrerte selskap. Det er 117 eigarar i det lokale distribusjonsnettet og nesten halvparten av desse har færre enn 6 000 abonnentar.

Sjette rapport

Rapporten er den sjette i sitt slag og tek utgangspunkt i økonomiske og tekniske data som NVE samlar inn til bruk i reguleringa av nettselskapa. I rapporten ser vi blant anna på kostnadsutviklinga i bransjen og for Statnett. I år som i fjor, ser vi på skilnader mellom vertikalt integrerte og reine nettselskap.

Les meir i NVE-rapport 89-2017 «Utvikling i nøkkeltal for nettselskap».

Les meir om tidlegare nøkkeltalsrapportar her. 

Kommentarer

kommentarer