Nyhetsartikkel

05 september 2017

Det beste nokon gong

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 100 millionar kroner i første halvår 2017.

Dette er 30 mill. kroner høgare enn første halvår 2016, og det beste ordinære halvårsresultatet for SFE-konsernet nokon gong.

Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi er godt nøgd med konsernet sitt resultat i første halvår 2016 – ein auke som i stor grad skuldast gode resultat frå kraftproduksjonen.

– Kraftprisen vart om lag 4,5 øre/kWh høgare enn i første halvår i fjor, i tillegg vart produksjonsvolumet litt høgare enn venta. Resultata frå nettverksemda og frå sal til kundar vart derimot noko lågare enn same halvår i fjor, og er om lag på linje med eit normalår, seier Rauboti.

25 mill. i reduserte kostnader
Eit kostnadsprogram har dei siste tre åra redusert SFE-konsernet sitt kostnadsnivå med totalt 25 millionar kroner. Rauboti seier dette har bidrege til resultatutviklinga.

– Vi kjem til å halde fram med å snu steinar for å redusere kostnadsnivået der vi kan, i lys av lågare kraftprisar og store investeringar dei komande åra. Eg er veldig nøgd med måten dei tilsette så langt har bidrege til å redusere kostnadane på ei rekkje områder, seier Rauboti.

Utviklinga i kraftpris og produksjonsvolum vil ha mykje å seie også for resultatet 2. halvår 2017.

– Den finansielle marknaden tilseier ein pris for 2. halvår på same nivå eller noko lågare enn for 1. halvår. Vi ventar derfor eit resultat for 2017 som er noko svakare enn resultatet for 2016, seier Rauboti.

Nøkkeltal for SFE-konsernet 1. halvår 2017 og 2016:

Mill kr 1. halvår 2017 1. halvår 2016
Omsetning 651 584
Driftsresultat  214 173
Resultat før skatt  189 140
Resultat etter skatt  100 70

 

Kommentarer

kommentarer