Nyhetsartikkel

27 juni 2017

Løyve til Klovefoss kraftverk

NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å byggje Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune i Telemark fylke. Kraftverket vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år.

Dette svarar til straumbruken til ca. 250 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Klovefoss kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Håtveitåi, med inntak 343 meter over havet og kraftstasjon 255 meter over havet. Vassvegen på om lag 665 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. NVE har vurdert tiltaket å medføre relativt små og akseptable ulemper for naturmiljøet. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året.

NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna god landskapstilpassing og minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Klovefoss kraftverk.

Les meir om løyve til Klovefoss her

Kommentarer

kommentarer