Nyhetsartikkel

08 juni 2017

Glad for vindkraft-ja

– Dette er eit lønsamt prosjekt og eit postivt tilskot til det lokale næringslivet.

Det seier Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) til Firdaposten. Han er glad for at olje- og energidepartementet si ankehandsaming enda i å gje konsesjon til Vestavind Kraft. Lokalsamfunnet har vore delt omkring på midten i synet på industrianlegget på fjellet mellom Dalevatnet og Oldeide/Fåfjorden. Eit fleirtal av grunneigarane har gitt samtykke til satsinga, men motstanden har vore sterk frå enkelte grunneigarar og natur og friluftsorganisasjonar.

LES OGSÅ:

– Ved at det er gitt mange konsesjonar i regionen her, kan utbyggar få synergieffektar på satsinga si. Det lokale næringslivet, særleg i ytre Bremanger, treng verkeleg ny aktivitet. Det har ikkje sett lyst ut for næringsutvikling i Bremanger-bygda. Eg ser på all godkjent næringsaktivtet som positiv. AKtivitet avlar aktivitet og det blir mange arbeidsplassar – særleg i anleggsperioden.

Ordførar Audun Åge Røys er også oppteken av at utbyggar har kome med lovnader til kommunen når det gjeld utbetring av vegane gjennom bygdene. Det er planlagt ilandsføring av utstyr i Smørhamn og då må krappe svingar, kinipetak og tunnelen på Oldeide utvidast.

Det kan også bety ei hjelpande hand for Svein Inge Fosse som har starta innsamling til utbetring av vegen frå Odeide- Kalvåg med mål om å samle inn to millionar til eit spleiselag med kommunen og fylkeskommunen.

Kommentarer

kommentarer