Nyhetsartikkel

16 mai 2017

NVE med ei tilråding og ei fråråding av konsesjon i Rana kommune, Nordland

NVE har handsama to konsesjonssøknadar frå Miljøkraft Nordland i Rana kommune, og rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til å byggje og drive Rabben kraftverk. NVE rår samstundes til at det ikkje vert gjeve løyve til Hjartås kraftverk.

Rabben kraftverk er planlagt i Grønnfjellåga, eit sidevassdrag til Ranaelva, med overføring frå elva Silåga og Rabbenbekken. Det er planlagd å lage eit inntaksbasseng over Merravadforsen som vil få ei tre meter stor regulering, og demme elva 700 meter opp i Grønnfjellåga. Kraftverket vil gje om lag 36 GWh, som svarar til straumbruken til nærare 1800 husstandar.

NVE legg vekt på at Rabben kraftverk vil gje ei god mengde ny, fornybar kraft. NVE rår at kraftverket vert knytt til eksisterande nett med ein om lag 6,5 kilometer lang jordkabel til Ørtfjell transformatorstasjon. Negative konsekvensar er i hovudsak knytt til redusert vassføring på råka strekning i Grønnfjellåga, som inneheld naturtypen fosseeng/fosseberg i Merravadforsen og Henrikforsen. NVE har lagt vekt på at det finns ein fossesprøytsone av høg verdi i Dunderforsen, som ikkje vert råka av utbygging.

Hjartås kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk i Ranaelva, og vil nytte fallet kring Raufjellforsen. Det er søkt om tre alternativ, men NVE rår ikkje til løyve for nokon av dei. NVE legg særleg vekt på at inngrepet er planlagt i hovudelva i eit nasjonalt laksevassdrag. I tillegg er det lagt vekt på den samla belastninga av området, spesielt på landskap, laksefisk og naturtypar som krev eit fuktig miljø. Økonomien i prosjektet har også vore ein del av vurderinga.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om løyve til Rabben kraftverk her

Les meir om avslag til Hjartås kraftverk her

Kommentarer

kommentarer