Nyhetsartikkel

23 mars 2017

IEA: Stabile klimautslepp for tredje år på rad

CO2-utsleppa frå energisektoren låg i fjor flatt for tredje år på rad, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA)

Tidlegare pleidde CO2-utsleppa å vekse i takt med verdsøkonomien, men slik er det ikkje lenger. Dei siste åra har utsleppa vore stabile sjølv om økonomien har vakse.

– Dette er absolutt ein grunn til optimisme, sjølv om det er for tidleg å seie sikkert om dei globale utsleppa har nådd toppen, seier IEA-sjef Fatih Birol.

Nedgang i Kina og USA
IEAs berekningar, som vart presenterte fredag, tyder på at CO2-utsleppa låg stabilt på 32,1 milliardar tonn i fjor.

Utsleppa gjekk ned både i Kina og USA, dei to største utsleppsnasjonane. Viktige årsaker i begge landa er satsing på naturgass og fornybar energi, i staden for kolkraft.

I USA var utsleppa dei lågaste sidan 1992, trass i stor økonomisk vekst sidan den gong. Den nye presidenten, Donald Trump, vil no satse meir på olje og kol, men det er førebels uvisst kva konsekvensar dette vil få.

Stabilt i Europa
Utsleppa i Europa låg flatt, mens dei auka i mange andre delar av verda. Men dette vart altså vege opp for av nedgangen i Kina og USA.

Også andre ekspertgrupper og forskarar har fastslått at CO2-utsleppa har lege flatt eller berre så vidt stige dei siste åra.

Forskingsprosjektet Global Carbon Project anslo i november at utsleppa frå fossile brensel og industri i 2016 ville bli på 0,2 prosent. Utviklinga viser at økonomisk vekst er mogleg også utan aukande CO2-utslepp.

Kommentarer

kommentarer