Nyhetsartikkel

23 mars 2017

Høg nettleige har sett sinna i kok på Facebook​

Folk i Sogn meiner det er urettferdig at dei skal betale for at heile landet nyt godt av krafta vi produserer.
 

Det er sjeldan vi får så mange reaksjonar som på  LO-kronikk om den høge nettleiga i Sogn og Fjordane fylke. I kommentarfeltet på Facebook boblar det over av sinte reaksjonar frå folk som er einige, skriv porten.no

– Ja, urettferdig at me skal betala for å senda energien ut av fylket. Altfor høg nettleige! Nettleiga skulle vore lik i heile landet, skriv ei.

– Eg fekk sjokk då eg fekk siste straumrekning. Og det hjelper så lite å spara på forbruket… nettleiga som kostar!, skriv ei annaifølge porten.no

Les også:Nettleiga i fjordfylket er urimeleg høg

E-verksjefane er på linje med folket
Jørgen Luggenes, e-verkssjef i Årdal Energi, forstår frustrasjonen.

– Eg har vore ueinig i dette i mange år, men det er diverre vanskeleg å gjera noko med, seier han.

Forstår frustrasjonen
FORSTÅR SINNET: Jørgen Luggenes i Årdal Energi forstår at folk reagerer på at dei må betale for infrastruktur som kjem heile landet til gode. Foto: arkiv.

Ei oversikt NRK har laga viser at Sogn og Fjordane produserer nest mest kraft, likevel er det her vi betalar mest for ho. Nettleigeprisane ligg nesten førti prosent over snittet i resten av landet.

Les også:– Nettleiga må utjamnast!

Årsaka til det er todelt. For det første kostar det å bu grisgrendt. Vi er færre som kan dele på utgiftene. For det andre kostar det å ha ein infrastruktur som kan frakte all straumen vi produserer ut av fylket. Det siste punktet er det som ergrar mest.

– Det er synd at me som bur så nær produksjonen av krafta, skal ha den høgaste prisen, seier Luggenes.

Kollegaen Per Gullaksen i Lærdal Energi meiner politikarane sit med nøkkelen til løysinga på problemet.

– Vil me at folk skal bu her i distrikta, så må vi leggja til rette for at dei er konkurransedyktige, seier han.

 

– Bør vere betre utjamning
Han har den tvilsame æra av å vere sjef for det selskapet i Norge med dyrast nettleige akkurat no.

– Det heng direkte saman med den brannen me hadde. Den kosta oss seks millionar i botnlinja, utan at me fekk noko støtte eller noko tilbake. Normalnivået er sånn nokolunde på linje med dei rundt oss og me håpar å vera tilbake der om ikkje alt for lenge, seier Gullaksen.

Dagleg leiar i Lærdal Energi Per Gullaksen.
DYRAST: E-verksjef Per Gullaksen i Lærdal Energi seier dei har tolv-tretten abonnentar per nettstasjon, mot eit par hundre eller kanskje tusen i dei store byane. – Det er klart det vert dyrare, seier han og skuldar på brannen 2014 for at dei er dyrast i Noreg akkurat no. Foto: arkiv.

 

Normalnivået han snakkar om er likevel i landstoppen. Sogn har tre av dei ti dyraste nettselskapa i landet, ironisk nok kraftkommunane Lærdal, Årdal og Aurland.

– Det er lange dalar me har og dei skal forsynast med straum opp i kvar ende, så det er klart det vert dyrare. Utbygging av kraft i våre dalar er òg kostnadsdrivande. Delar av kostnadane tek utbyggar, men ein del fell ned på abonnentane, seier Gullaksen.

– Kva synst du om det?

– Det burde vera ei betre utjamning, heilt klart, men akkurat korleis det bør gjerast, det veit eg ikkje, seier han.

Sinte reaksjonar på nettleige

VEKKJER HARME: Det er tydeleg at nettleige er eit tema som engasjerer. Reaksjonane på Facebook gir eit tydeleg signal om kva folk meiner. Fotomontasje: Skjermdump frå Facebook/Pixabay

 

Kommentarer

kommentarer