Nyhetsartikkel

19 mars 2017

Fortvilar over landets høgaste straumprisar

Sogn og Fjordane er landets nest største kraftprodusent. Likevel er straumen dyrast. – Urimeleg og djupt urettferdig, meiner kundane og kraftselskapa.

– Det burde jo vera slik at dei som har stor tilgang på straum betaler mindre, men her vert det jo gjort heilt motsett. Det er ei urimeleg avgift, seier Jorunn Eide Kirketeig.

For berre Hordaland har høgare kraftproduksjon enn Sogn og Fjordane, men det syner ikkje att på straumrekninga. Nettleigeprisane er nesten 40 prosent høgare enn landsgjennomsnittet (sjå landsoversikt lengre nede i saka).

Forskjellen for ein bustad som bruker 20.000 kilowatt i året er på 12.000 kroner på billigaste og dyraste nettleige. Totalprisen vert avgjort av kor ein bur og kven som eig kraftnettet i området.

I Sogn og Fjordane vert det produsert straum nok til å forsyne 700.000 einebustadar eller halvannan million menneske. Mesteparten vert sendt austover eller eksportert, og for å finansiere kraftlinjer som er kraftige nok må kundane betale.

– Det er urettferdig. Vi forsyner store deler av landet med vår straum, men det er kundane her som må betale for utbetringa av kraftnettet, trass i at dei ikkje spør etter det, seier Asgeir Aase, nettsjef i Sogn og Fjordane Energi.

Ei av hovudårsakene til at nettleiga er høgare i kraftfylket Sogn og Fjordane er dei store avstandane og terrenget.

– Det er fire gongar så mange meter nett per kunde her som i dei sentrale austlandsområda, seier Aase.

Men at det kostar meir burde ikkje vera tilfellet, meiner leiar i Sogn og Fjordane Energiforening, Arild Horsevik.

– Kraftnettet er ein del av infrastrukturen i Norge, på same måte som vegane. Vegavgifta er lik uansett kor ein bur og slik burde det vore for nettleige også, seier Horsevik.

– Vi har stor produksjon av straum og må bygge ut sentralnettet for å transportere det vidare til andre. For det vert vi straffa i alle baugar og kantar, og det er blodig urettferdig, legg han til.

 

DYRT: Jorunn Eide Kirketeig viser fram straumrekningane sine. Der utgjer nettleiga ein dobbelt så stor ko

 

Kommentarer

kommentarer