Nyhetsartikkel

24 februar 2017

Får bygge kraftverk i Haram

NVE gjev løyve til å bygge Eikeelva kraftverk i Vestrefjorden i Haram.

Kraftverket vil produsere om lag 4,5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til 225 husstandar, opplyser NVE i ei pressemelding.

Her kjem det planlagde Eikeelva kraftverk i Vestrefjorden. Foto frå konsesjonssøknaden der rørgata er innteikna.
Her kjem det planlagde Eikeelva kraftverk i Vestrefjorden. Foto frå konsesjonssøknaden der rørgata er innteikna.

Eikeelva kraftverk vil nytte eit fall på 309 meter i Eikeelva. Vassvegen på 1.600 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga.
Ifølgje pressemeldinga legg NVE vekt på at ei utbygging av Eikeelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Utbyggar er Oslo-baserte Clemens Kraft AS, som er eigd av Opplysningsvesenets Fond.

Minstevassføring

Konfliktane ved ei utbygging er ifølgje NVE primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og naturmangfald.

NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og aktsemd i anleggsfasen. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Eikeelva kraftverk.

Her kan du lese meir om planane (ekstern side)

Kommentarer

kommentarer