Nyhetsartikkel

12 september 2016

Reknar med låge straumprisar i mange år

..men om ein ti års tid syner prognosane at prisane vil stiga att – det gir von for kraftselskapa.

Lærdal: – Her ser me at straumprisane er venta å halda seg låge fram mot 2020 og kanskje 2025, men at det ser betre ut fram mot 2030, sa direktør i E-CO energi, Odd Øygarden under Kraftdagen i Lærdal onsdag, skriv Porten.no.

Med andre ord; gode nyhende for straumkundar fem-ti år fram i tid, tilsvarande dårlege for kraftbransjen. Og omvendt på lengre sikt.

Ville ha kosta 467 millionar
Øygarden og hans E-CO har i 25 år sysla med planar om å byggja Mork kraftverk i Erdal.

– Det starta med at resepsjonisten på kontoret i Oslo ringde opp til meg og sa det stod ein mann der som lurde på om me var interesserte i fallrettar. «Send han inn», sa eg.

Odd Øygarden
PROGNOSAR: Direktør i E-CO Energi, Odd Øygarden, heldt føredrag om historikken for deira kraftverkplanar i Erdal. Etter stupet i straumprisar frå 2011 av har E-CO måtte gå for eit vesentleg meir nøkternt Mork kraftverk. På lang sikt seier også prognosane at straumprisane vil auka grunna skjerpa miljøkrav, fortalde Øygarden. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Det var den gryande starten. Etter kvart byrja prosjektet å ta form; dei teikna opp eit avansert anlegg som skulle produsera 95 gigawattimar i året. Men så var det desse pengane.

– Området ligg vanskeleg tilgjengeleg, så me måtte laga ein eigen tunnel for å koma til damstaden. Det byrja å bli pengar allereie der. Så me lurde på kva dette ville kosta totalt.

Svaret var 467 millionar.

– Då byrja me å bli betenkte.

«All time high»
Men kraftprisane var særs gode; 60 øre kilowattimen. Så E-CO søkte om konsesjon. Og fekk det.

– Prisane var «all time high», sa Øygarden til forsamlinga i Lærdal kulturhus.

Men det som går opp, kjem som regel ned. Dei påfølgjande åra har prisane stupt. Då fall også dei opphavelege planane for Mork kraftverk.

Les også: Opna lite kontroversielt kraftverk

Les også: Kraftsalve mot Statnett på kraftdagen

Prosjektet er likevel ikkje skrinlagd. Ein ny runde med teikneblokka resulterte i eit vesentleg meir nøkternt anlegg til under halve prisen og under halve produksjonen.

– Dette som ligg inne no vil kosta drygt to hundre millionar kroner og produsera 44 gigawattimar i året, straum til 2000 husstandar. Så det blir vesentleg mindre straum av det, men lågare kostnad per produserte straummengd. Me er på 4,67 kroner per kilowattime. Det er også i grenseland.

– Aukande CO2-avgifter vil gje høgare straumprisar på sikt

Men konsesjonssøknad for det mindre anlegget ligg inne og NVE si innstilling er venta i løpet av nokre veker. Vidare at endeleg konsesjon eventuelt er på plass i løpet av 2017.  Går den i orden, er byggestart for anlegget planlagd innan utgangen av 2020.

Vona om høgare straumprisar på sikt gjer at ein håpar eit slikt anlegg etter kvart blir lønsamt.

– Korleis kan ein meina prisane vil stiga om ein ti års tid?

– Det handlar berre om politikk. Analytikarane meiner kolprisane vil auka ein del grunna miljøkrav, det vil seia høgare CO2-avgifter. Etter kvart vil dette slå inn i heile marknaden og gje høgare straumprisar generelt.

– Kor stort sannsyn trur du det er for at de får konsesjon for Mork kraftverk?

– Tja. Seksti prosent. Kanskje seksti til sytti.

Kommentarer

kommentarer