Nyhetsartikkel

18 august 2016

– Dei set arvesølvet i spel

Høgre får ikkje med seg Ap på å splitte opp og selje seg ned i Statkraft i neste periode.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre går hardt i rette med Høgres planar om å delprivatisere Statkraft, skriver Klassekampen.

– Om Høgre vil ha med Ap på å endre styringa av Statkraft, har dei gjort opp rekning utan vert, seier han til avisa.

Arbeidarparti-leiaren har ikkje mykje til overs for at Høgre leikar med tanken om dele opp Statkraft i neste periode. Modellen Høgre no diskuterer, er om ein skal få inn private eigarar i den internasjonale delen av Statkraft. Det vil i realiteten seie å splitte opp selskapet. Tidlegare har Høgre og Ap gått saman om å selje seg ned i selskap som Statoil og Telenor, men denne gongen set Støre foten ned:

– Selskapet er viktig for industri både i Noreg og internasjonalt. Men det er viktig å forstå at det norske og det internasjonale heng saman, seier Støre, før han legg til:

– Dette er å setje arvesølvet i spel.

Selskapet er det største i Noreg når det gjeld vasskraftproduksjon, og har i tillegg bygd opp ei stor utanlandssatsing dei seinare åra. I 2015 hadde selskapet til saman ei omsetning på 53 milliardar.


Tung aktør
Dei siste vekene har diskusjonen om retningsval for Statkraft teke seg kraftig opp. Då næringsminister Monica Mæland frå Høgre sette inn tidlegare Høgre-statsråd Thorhild Widvey som ny styreleiar i selskapet, skal ho ha grunngjeve valet med at Statkraft skulle få ein «endra profil».

Nikolai Astrup er nestleiar i programkomiteen i Høgre. I februar sa han til Dagens Næringsliv at han ønskte ein debatt om framtida til Statkraft:

«Vi ønsker en ny debatt om eierskapet i konsernet. Statkraft kan vokse fra a° bli en europeisk gigant til en internasjonal gigant, men det er ikke mulig hvis staten fortsetter a° være eneeier», sa han.

Astrups partifelle Odd Henriksen la vekt på at dei berre vil selje seg ned i utanlandsdelen: «Ved at staten beholder kontantstrømmen fra de norske vannkraftverkene, unnga°r vi forha°pentlig en debatt om arvesølvet», sa han. Men den gang ei.

Meiner Høgre er ustødige
Støre er ikkje nøgd med den politikken Høgre har hatt for Statkraft dei seinare åra.

– Høgre har stått for ei ustødig styring av Statkraft, både i utbytepolitikken og no ved å gå for delprivatisering. Selskapet er viktig for industri og verdiskapinga som vasskrafta gjer mogleg, og selskapet er strategisk viktig for det grøne skiftet, seier han.

Støre har derimot planen klar for korleis han ser for seg framtida til det strategisk viktige selskapet:

– Vi skal velje ein annan strategi. Vi gjev tommel opp til partnarskap med private ute, men det bør dei gjere som det statlege selskapet dei er.

– Men kan det ikkje vere at Statkraft kan få nye impulsar gjennom delvis privat eigarskap?

– Vi skal ha trua på oss sjølve. Statkraft har i dag verdsleiande kompetanse i selskapet. Det kan fint hente impulsar frå private, men opplegget til Høgre vil svekkje kompetansen. Vi kan ikkje ha ei passiv forvaltning av vasskraft i Noreg – nærast som ein kontantstraum.

Han meiner denne modellen bør gjelde for fleire område enn berre vasskrafta og seier til Klassekampen:

– Eg trur det framover blir berre endå viktigare å sikre ein nasjonal eigarskap til olje, gass, fisk og vasskraft.

Kommentarer

kommentarer